UTANOM STUDIET. Jusstudentane ved UiB må skaffe seg praksisplass sjølv, utanom studiet. At desse plassane gjerne går til dei med gode karakterar kan auke karakterpresset, trur Johannes Teigland.

Eineste i landet utan praksis. – Vi vil ikkje sende studentar ut for å koke kaffi, svarar leiar av studieutvalet.



Tal frå Kandidatundersøkelsen viser at 88 prosent av studentane ved Det juridiske fakultet skulle ønskje dei hadde meir praksis i løpet av utdanninga si. Dette er det klart høgaste talet blant fakulteta ved Universitetet i Bergen (UiB). Resultatet overraskar ikkje jusstudent Johannes Teigland.

– Eg skjønar jo det. At vi er det einaste juridiske fakultet i Noreg som ikkje har det, gjer det naturleg at det vert etterspurt, seier han.

Både ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Tromsø har nemleg studentane moglegheita til å ta praksis som ein del av utdanninga. I Tromsø er ordninga obligatorisk.

Drøymer om praksis til alle

Leiaren for Juridisk Studentutvalg (JSU), Benedicte Røvik, er godt kjend med jusstudentane i Bergen sitt ønskje om meir praksis i utdanninga. Ho meiner fleire studentar burde ha tilbodet, og seier dette er noko JSU jobbar for.

– Drøymeløysinga hadde vore praksis til alle, men det er nok ikkje reelt mogleg å få til når vi er så mange studentar, i alle fall ikkje på kort sikt. Om ein til dømes kan få til ei løysing med praksis som eit valfag vil det likevel kunne gjere stor forskjell, seier ho.

Røvik legg til at det no pågår eit arbeid med ei studiereform på fakultetet, og at JSU her håpar å få gjennomslag for ei ordning som legg opp til meir praksis i løpet av studiet.

BURDE HA TILBODET. JSU-leiar Benedicte Røvik seier at praktisk orientert undervisning ikkje vert det same som å faktisk ha praksis. Ho meiner fleire jusstudentar burde få tilbod om praksis som ein del av studiet. ARKIVFOTO: Anna Jakobsen

Redusere karakterpress

JSU-leiaren peikar også på praksis i utdanninga som noko som kan bidra til å redusere det velkjende karakterpresset ved fakultetet.

– Det er vanskeleg å seie sikkert, og ein vil nok aldri bli heilt kvitt karakterpresset. Eg trur likevel mange vil kunne slappe meir av om dei også har praksis å vise til i staden for berre karakterar, seier ho.

Jusstudentane har moglegheita til å skaffe seg praksis sjølve utanom studiet, men både Røvik og Teigland peikar på at dette gjer at mange vert ståande igjen utan.

– I tillegg er det ein snever del av arbeidslivet du har moglegheita til å prøve deg i, til dømes har du veldig få moglegheiter i offentleg sektor. Det trur eg mange hadde sett pris på, seier Teigland.

Ambisjon om eige praksisemne

Leiar av studieutvalet og visedekan for utdanning på Det juridiske fakultet, Halvard Haukeland Fredriksen, seier at å få praksis inn i utdanninga er noko som vert diskutert i leiinga på fakultetet. Han kan likevel ikkje seie noko om når ei eventuell ordning kan vere på plass.

– Det viktige er at vi får til eit praksistilbod med tett fagleg oppfølging, og ikkje sender studentar ut i praksis for å koke kaffi. Vi har ein ambisjon om å få til eit praksisemne, men vi er ikkje villige til å fire på dei faglege krava for å få det til, seier han, og peikar mellom anna på Jussformidlingen som eit godt alternativ for studentar som ønskjer meir praksis.

IKKJE SVEKKA. Visedekan for utdanning Halvard Haukeland Fredriksen trur ikkje mangelen på praksis svekkar jusstudiet i Bergen i forhold til studia i Oslo og Tromsø, men vedgår at eit godt praksistilbod kunne gjort studiet enda meir populært. ARKIVFOTO

Kandidatundersøkelsen viser også at 93 prosent av jusstudentane har relevant jobb to år etter dei er ferdige med utdanninga. Røvik trur likevel meir praksis vil hjelpe studentane i overgangen til arbeidslivet.

– Det er sjølvsagt bra at mange får relevant jobb tidleg. Samtidig ville praksis gjort overgangen til arbeidslivet enklare for mange, mellom anna med tanke på omstillinga frå å vere student til å skulle praktisere juss. Dessutan kan praksis gjere at arbeidsgjevarar legg mindre vekt på karakterar, seier ho.

Fredriksen meiner det er vanskeleg å gje eit konkret svar på kor stor fordel jusstudentane vil ha av å ha hatt praksis når dei skal ut i arbeidslivet, og at dette kjem an på kor godt faglig utvikla praksisen er.

– I tillegg er juss eit praktisk retta studie, og overgangen til arbeidslivet er mindre enn på fleire andre fakultet. Tilbakemeldingane vi får frå arbeidslivet er et våre studentar er godt førebudde. Dersom vi hadde fått tilbakemeldingar om at dei ikkje er det, måtte vi prioritert det å få inn praksis i utdanninga høgare.

Kommentarer

kommentarer